Leit for serveringssteder som ikkje kan servere alkohol til påskegjestane og for dei som driv næringsverksemd som må bruke mykje tid og ressursar på smitteverntiltak.

I det heile teke, vi har alle til felles at vi er leie heile greia og lurer på kor lenge dette skal vare. Spesielt nå med nye virusvariantar som spreier seg raskare og som rammar hardare, usikkerheit om vaksiner, reglar og tilrådingar som ikkje alltid er heilt logiske eller enkle å forstå.

Så er det godt at folk likevel kan dra på hytta, gå på ski og renne i alpinbakkane og at studentar kan reise heim. Men påska vil for mange bli litt stusseleg når ein ikkje kan samle familie og vener og må gjere om på planane no rett oppunder påska.

Men midt oppi alt, du verden så mykje bra som vert gjort! Samarbeid, engasjement, frivillige og tilsette som oppriktig jobbar hardt og legg til rette for at vi alle skal komme oss gjennom denne pandemien på best mulig måte og for at samfunnet skal gå sin gang. Det er bra! – Og vi har jo ikkje noko betre alternativ enn å halde oss til rammene som gjeld, for når alt kjem til alt er det bare alle oss – saman – som kan få slutt på pandemien. Vi får halde ut litt til og glede oss over alt det vi tross alt kan gjere 👍(Enkelt å seie for meg som er 50+)

💛🐥Ønsker alle ei god påske🐥💛  Påskekylling, illustrasjon Maya R Hjertholm

Inger Lise Lund Stulien
Ordførar Åseral kommune