Men samtidig er det viktig at ikkje denne uroa tek overhand, for medan dette føregjeng, skal vi leve liva våre på ein best mulig måte slik at ikkje samfunnet stoppar opp og ikkje minst for å ta vare på oss sjølv i denne tida.

Det er ekstra vanskeleg for eldre som no er mykje aleine, for de som er i risikogrupper og for de som frå før av slit og kjenner at dette er ei stor ekstrabelastning. Men òg for andre som til vanleg handterer kvardagen tilsynelatande godt, kan kvardagen nå kjennast krevjande.

Det er godt at vi ikkje har nokon smitta i kommunen, men vi må likevel vere førebudde på at det kan skje. Dette arbeider de i pleie- og omsorgstenesta vår kontinuerleg med og gjer at kvardagen dykkar er ekstra utfordrande når de skal handtere det, i tillegg til alt anna.

Beredskapen i Åseral er til vanleg god, men slik som stoda er nå, så er den mykje meir sårbar både her i Åseral og elles i landet. Difor er det særs viktig at vi alle, store som små, er forsiktige. Vi skal kome oss ut, men vi skal ikkje drive med noko som medfører unødig risiko.

Forbodet mot overnatting i fritidsbustad utanfor heimkommunen gjeld nå til over påske. Til dei av dykk som ynskjer å ta dagsturar til eller frå Åseral er formannskapet og kriseleiinga si oppmoding å fylgje dei statlege råda som ber oss om å unngå fritidsturar til andre kommunar. Dette momentet, i tillegg til det beredskapsmessige, har gjort til at vi, etter ei totalvurdering, meiner at  det ikkje er riktig å ha oppkøyrd skiløypenett i Åseral.

Vi får spørsmål om det er mogeleg å dra på familiebesøk i påska. Det blir ikkje omfatta av forbodet dersom overnattinga skjer hos fastbuande. Vi ber likevel den enkelte vurdere grundig om det er naudsynt.  Studentar som bur vekke kan med sikkerheit kome heim, det har Erna samtykka til, så det er innafor!:)

Dei store nasjonale hjelpepakkene til næringslivet kan hjelpe nokre firma over kneika, men næringslivet er likevel avhengig av å ha kundar, og når dei blir borte, kanskje i lang tid, er det forståeleg at dagane nå er tunge.  Det er viktig at vi ikkje stoppar å handle, eller bestille varer og tenester, og om mogeleg gjer det lokalt.

Sjølv om det er lagt godt til rette for fjernundervisning frå lærarane, så er det mange born (og foreldre) som saknar skulekvardagen. Eg håpar det er mogeleg for dei minste borna å kome tilbake til barnehage og skule etter påske, svaret får vi truleg i neste veke.

Det er rart som vi menneske er skrudd i hop, ofte må vi kjenne på at ting buttar, før vi set pris på det vi har, og sitatet Kristine Thorsland ofte nytter på kunstverka sine har for meg og sikker mange andre fått eit nytt perspektiv. Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!

Tak vare på kvarandre!

Stor digital påskeklem frå ordførar Inger Lise