NÅR MÅ DU SEIE OPP?

Har du kommunal barnehageplass må du sende oppseiing i søknadsportalen dersom du

  • Flyttar frå kommunen
  • Ikkje ønskjer vidare barnehageplass

I  barnehagen er det ein månads oppseiingsfrist, rekna frå den 1. i påfølgande månad. Reglane for oppseiing gjeld frå foreldre eller føresette har tatt imot plassen. 

Oppseiing ved skulestart går automatisk.

OPPSEIING FØR OPPSTART

Vanlege reglar for oppseiingsfrist og betaling gjeld sjølv om du ikkje har teke i bruk plassen i.

SLIK SEIER DU OPP

Du seier opp dagens barnehageplass via søknadsportalen på nett. 

PERMISJON I KOMMUNAL BARNEHAGE

  • Du kan søkje om permisjon frå barnehagen i inntil eit kalenderår.
  • Du kan søkje om permisjon frå barnehagen i inntil eit kalenderår. Send søknad i oppvekstportalen same stad som ein søker barnehageplass (https://aseral.ist-asp.com) til barnehagen. Einingsleiar i barnehagen vurderer søknaden og fattar endeleg vedtak.
  • Oppstart etter avslutta permisjon er ved ledig plass i barnehagen. Ved permisjon som avviker frå barnehageåret, kan det bety at det ikkje er ledig plass ved avslutta permisjon. Plass kan dermed tilbys både ein periode før og etter dato for avslutta permisjon.
  • Dersom du får innvilga permisjon betaler du ikkje for plassen i permisjonsperioden.

GRUNNLAG FOR PERMISJON I BARNEHAGEN

  • Dersom ein av foreldra har foreldrepermisjon. 
  • I spesielle tilfellar som til dømes alvorleg sjukdom hos barnet, føresette sin beordring i jobb, og liknande.