NY INFORMASJON per 15. mars

Åseral kommune viser til "Forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19" som vart vedteke sundag 15. mars kl 13:05 kor det mellom anna står: "Personer som har fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert, forbys å ta opphold på denne. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates".

Regjeringen.no kom i dag med følgande pressisering. "Karantene og isolasjon av personer som kommer til Norge fra utlandet er regulert i en egen forskrift som ble gitt i statsråd 13. mars 2020. Denne gjelder fremdeles, men den er endret i dag slik at den innfører karanteneplikt for alle som ankommer Norge. Endringen trer i kraft fra og med tirsdag 17. mars 2020. Det betyr at reisende fra Sverige og Finland også skal i karantene".

-----------------------------------------------------------------------------------------

NY INFORMASJON per 14. mars

I samband med endring i karantenbestemmelser ved ny forskrift av 13. mars 2020 har vi motteke følgande pressisering frå Fylkesmannen:
" Vi vil derfor presisere at endringen i forhold til tidligere restriksjoner er at bestemmelsene nå gjelder reisende fra alle land unntatt Sverige og Finland. I forhold til tidligere bestemmelser er nå også Danmark og Island tatt med blant de landene som det er påkrevet med karantene etter å ha besøkt".

----------------------------------------------------------------------------------------- 

NY INFORMASJON per 13. mars

- I tillegg til at varmestover blir stengt er no alpinbakkane  òg stengt
- Oppkøyring av skiløyper opphøyrer 
- På grunn av situasjonen ber vi hytteeigarar og gjester om å halde seg i sin heimkommune
- Besøksforbud er innført på Åseralsheimen. Nære pårørande må avklare besøk med ansvarsvakt på telefon 901 78 361 eller 900 37 286
- Alle offentlege møte vert avlyst
- Rådhuset er stengt for publikum. Sentralbordet blir betjent mellom 09:00 og 14:00 (38 28 58 00)
- Trussamfunn og meinigheter i kommunen avlyser alle arrangement

Informasjon frå renovasjonsselskapet HÅR

Fra og med mandag 16.03.2020 vil Torsland avfallsanlegg og Skeie miljøstasjonen bli stengt for publikum. I første omgang 14 dager. Hvis noen absolutt må kaste avfall så ta kontakt så kan vi evt avtale hvordan dette kan gjøres. Vi anbefaler alle abonnentene som evt er i karantene eller er smittet til å vaske/desinfisere lokket/håndtaket på avfallsdunkene. Dette er med å hjelpe til å ikke spre virus som kan sitte på overflaten av lokket til dunkene.

Følg med på Facebook siden samt hjemmesiden til HÅR-IKS og Åseral/Hægebostad kommunene sine sider. Tlf: 38 28 32 50

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Informasjon per 12. mars

Folkehelseinstituttet oppmodar til ein nasjonal dugnad for å redusere spreiing av Koronaviruset. Vi tek dette på alvor. Det står om liv og helse.

Samstundes er vi ein reiselivskommune som òg skal være eit godt vertskap. På grunn av situasjonen ber vi hytteeigarar og gjester om å halde seg i sin heimkommune.
Der er det kommunale helsevesenet tilpassa innbyggjartalet om du treng hjelp.
Vårt tenestetilbod er i utgangspunktet dimensjonert etter innbyggjartalet.

Vidare vil vi oppmode eigne innbyggjarar til å reise til andre kommunar i så liten grad som mogeleg.

VEDTAK FRÅ HELSEDIREKTORATET
For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde nadusynt helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet vedteke ei rekke tiltak som gjeld frå i dag, torsdag 12. mars kl. 1800.

Åseral barnehagen og Åseral barne- og ungdomskule vert stengt,

jf. smittevernloven § 4-1 andre ledd, jf. første ledd bokstav a og b.

Følgande unntak frå pålegg om stenging gjeld:
For å oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjoner, og å unngå at personar i risikogrupper vert nytta til barnevakt, skal einingsleiarane ved Åseral barnehage og Åseral barne- og ungdomskule sørgje for eit tilbod til born av personell i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar.
Det same gjeld for born med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule, eller andre dagtilbod er stengt.

Dette er kritiske samfunnsfunksjonar:

  • Helse og omsorg
  • Styring og kriseleiing
  • Vann og avløp
  • Redningsteneste
  • Transport
  • Lov og orden
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Finansielle tenester
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Satellittbaserte tenester

Er du i tvil om ditt arbeid er ein del av dei kritiske samfunnsfunksjonane? Ta kontakt med din arbeidsgjevar.

Vidare har Helsedirektoratet med heimel i smittevernloven § 4-1 andre ledd fatta vedtak om forbod mot/stenging av:

Kulturarrangement
- Minne kultursenter og bibliotek held stengt
- Kulturskulen held stengt
- Bygdekinoen held stengt

Treningssentre, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet, både innandørs og utandørs.
- Treningssenteret og fleirbrukshuset held stengt.
- Varmestover til alpinanlegga i kommunen er stengt. For meir informasjon viser me til dei einskilde alpinanlegga sine heimesider. BortelidEikerapen - Ljosland
 
Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstader med servering av mat som kan leggje til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand.
Servering av mat skal ikkje skje som buffet.
Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.

Verksemder som  gjev tilbod om frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknande.

Symjehall, badeland og liknande
- Åseral symjehall held stengt.

Forbod mot utanlandsreiser for helsepersonell
Helsepersonell som jobber med pasientbehandling har forbod om å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser.

Alle som kjem attende frå reiser utanfor Norden skal i heimekarantene - uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Karantene etter utanlandsreiser har tilbakevirkande kraft frå 27. februar. Sjekk helseinstituttet sine sider