Vi ynskjer framleis å kartlegge om det er personar i kommunen som kan hjelpe til med språkforståing, og som taler ukrainsk. Desse blir bedne om å melde dette inn til servicekontoret på telefon 38 28 58 00
OPPDATERT 14. mars! Åseral kommune førebur seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina.
Åseral kommune arbeider med å ta i mot flykningar frå Ukraina. Dette vil bli handsama i kommunestyret førstkomande torsdag. Førebels vil me avvente å få inn opplysningar om ledige husvære i kommunen, då me i fyrste rekke vil sjå på kommunale bustader.
Vi vil ved eit seinare høve kom attende til innemelding av ledige husvære om dette vert aktuelt