Dei siste dagane har det vore fokus kring atomkraftverka i Ukraina og trykkleiken kring desse. Noreg har alltid hatt og har no skjerpa beredskap i høve til atomulykker med fare for forureining og stråleeksponering. Radioaktiv forureining og stråling kan som kjent gje helseskadar.

Dersom ei atomhending rammer oss vil det nasjonale Kriseutvalget for atomberedskap komme med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss. Kommunen vil bidra med informasjon og sørge for distribusjon av jodtablettar til barn og unge, gravide og ammande.

Treng eg å ha jodtablettar liggande heime?

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime? Då har tilrådinga frå sentralt hold i alle år vore å ha dette som ein del av eigeberedskapen. Tablettane kan gje beskyttelse mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Kommunen har eit lager av jodtablettar som skal delast ut til born og unge under 18 år, gravide og ammande om det vert naudsynt. 

Les meir om jodtablettar.

Nyttige lenker:
 - Sikker kvardag
 - Korleis tale med barn om krigen i Ukraina?
- Snakke med barn