Dette er gjeldande frå sundag 20. juni kl 12:00

  • Private arrangement: Maks 100 personar
  • Offentlege arrangement: Maks 400 personar (2x200 kohorter) der lokalet tillet det innanfor metersregelen
  • Det skal vere 1 meter mellom kvart sete/stol.
  • Det skal vere ein namngjeve ansvarleg for arrangementet som er kjend med smittevernreglane og som ser til at desse vert følgt
  • Alle arrangement skal vere meldt inn til servicekontoret med kontaktinformasjon til ansvarleg arrangør
  • Alle skal nytte desifiserande middel ved inngang
  • Alle skal skrive seg inn og ut av besøksprotokoll som skal oversendast kommunen etterpå (idrettslaget oppbevarer dette sjølv)
  • Kontaktflater som dørhandtak og toalett skal jamleg vaskast/desinfiserast
  • Lokala samt bord/stolar skal vaskast med godt såpevatn straks etter bruk (dosering etter avtale med reinhald)
  • I hallen er det no lov for vaksne og trene innanfor gjeldande reglar
  • Ein gjer merksam på at dersom avstand mellom personar er mindre enn 2 meter i meir enn 15 minutt vil alle hamne i karantene dersom det vert oppdaga smitte

 

Åseral kommune syner ellers til dei nasjonale tilrådingar og reglar.
Regjeringen.no

Er du i tvil om kva dette inneber er det berre å ta kontakt med beredskapskoordinator Odd Helge Liestøl på telefon 918 68 502.