​Med løyvinga ønskjer Stortinget å setta kommunane betre i stand til å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale, eller nasjonale smitteverntiltak.

Departementet skriv at ordninga òg skal fungera som ei ventilordning, for å kompensera lokale verksemder som har dotte heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slag verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Det er avtala at administrasjonen og Åseral Næringsråd skal samarbeida om å utarbeida eit framlegg til kommunedirektøren om fordeling av midlane. Ein legg difor opp til at det ikkje skal vera naudsynt for verksemder å fylla ut ein eigen søknad.

Formannskapet skal avgjera fordelinga av midlane på møte i juni.