Sida ser litt annleis ut enn før?

Ja, det gjer den. Men strukturen er i stor grad lik som den du har sett før. Eit stort søkefelt opptar stor plass på framsida. Her kan du søke etter det du er på jakt etter, eller du kan sjå i oversikten «Tenester» rett under søkefeltet. 

Fann du det du leitte etter?

Vi treng DI hjelp til å gjere heimesida så god og brukarvennleg som mogeleg.
Foreløpig er det noe informasjon som manglar. Kanskje er noe vanskeleg å finne?
I bunnen av  sida er ein avlang knapp med teksten «fant du det du lette etter». Vel «Ja» eller «Nei», og fortel oss kva du tykkjer. Attendemeldingane er anonyme, og du oppgjer ingen kontaktinformasjon. Vi har derfor heller ikkje høve til å svare deg.

Målet med attendemeldingane er å gjere nettsida endå ber – gjere informasjonen tilgjengeleg slik at du finn det du treng når du treng det.
Vi retter derfor ein stor takk til alle som legg igjen attendemeldinger – ros og ris. 

Mi side

Nettsida har ei Mi side-funksjon. Det inneber at du kan logge på med Bank ID og få innsyn i din korrespondanse med kommunen, som søknader og svar, faktura og eigedomsopplysningar.
Sida og funksjonane vidareutviklast og lanserast fortløpande.