Ei stadfesting på røysteretten, men ikkje nødvendig for å røyste

- Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved årets stortingsval, seier direktør for Valdirektoratet Bjørn Berg.

I tillegg vil du finne nyttig informasjon om valet på valkortet. I år blir også valkorta sendt ut digitalt. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, og dei er ikkje nødvendige å skrive ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare.

- Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta, fastslår direktøren.

Berg legg til at det er nokre som lurer på om det er mogleg å røyste på nett med digitalt valkort, men det er det ikkje. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet blir gjennomført, og veljarane må møte opp i eit vallokale og røyste på papirrøystesetlar som tidligare. Det er mogleg å røyste i heile landet fram til 10. september. På valdagen må ein røyste i kommunen der ein er folkeregistrert.

Blir sendt til di digitale postkasse og varslar deg med SMS

Alle som får valkort digitalt, blir varsl om dette med en SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har en digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkort tilsendt på papir.

Totalt blir det sendt ut over 3,5 millionar digitale og ca. 300 000 valkort på papir.

 

Les meir om digitale valkort på valg.no