Lordehytta blei oppført av Lord Salvesen tidleg på 1900-tallet. Både turen inn, naturen og hytta i seg sjølv er ei oppleving.  Vel inne ved hytta vil ordførar Inger Lise Lund Stulien stå for bål, kaffi og historia om Lord Salvesen (ca. kl. 12.30). Etter turen er det mogleg med ein stopp på Minne kultursenter i Kyrkjebygda. Her kan du få kjøpt vafler og sjå filmen om lorden. Turen er krevjande, me reiknar med 7-8 timars gåtur. Godt fottøy er naudsynt. Turen kan bli avlyst om dårleg ver.
 
Smitteverntiltak:
Du kan ikkje delta på turen om du er forkjøla eller har andre sjukdomssymptomer
Hald minst 1 meter avstand under heile arrangementet til andre som ikkje er i same husstand (eller tilsvarande)
Alle deltakarar må registrere seg med namn og telefonnummer før turstart
Kvar deltakar må ha med eige drikke og kaffikopp til bålkaffien
 
Lengde: 25 km på vei og sti i ulendt terreng
Oppmøte: P-plass på Røysland, 6 km nord for Kyrkjebygd
Naturlos/arrangør: Åseral kommune og FLiR
Telefon: 958 45 100