Kva er digital postkasse?

Digital postkasse frå e-Boks og Digipost gjer deg ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig post frå det offentlege digitalt. Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ynsker.

Brev med vedtak, helseopplysningar eller anna sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanlig e-post fordi det ikkje er sikkert nok. I e-Boks og Digipost sender kommunen breva kryptert, og dei lagrast på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgang til din eigen post.

Dette får du med ei digital postkasse:

Du får post digitalt på en sikker måte. Vanlig e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Skal du kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.

​Med digital postkasse får du samla post frå det offentlege sikkert på ein stad. Du kan lagre posten så lenge du ynskjer. Det er gratis å opprette og bruke postkassen.

Du sparer miljøet og reduserer offentlege utgifter. Med ei digital postkasse bidrar du til at det offentlege kan bruke fellesskapets pengar på andre ting enn porto, papir og transport samtidig som du er med å spare miljøet.

Velg mellom to likeverdige postkasser

Du kan velgje mellom to postkasser; Digipost eller e-Boks. Postkassene er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit. På same måte som du kan velgje mellom ulike bankar og strømleverandørar, kan du velgje den postkassen som passer best for deg.

For å lese meir om digital postkasse kan du gå inn på nettstaden til norge.no