Program:

  • Velkomen ved ordførar Inger Lise Lund Stulien
  • Litt info om prosjektet v/Kari Røynlid
  • Møteplassar på bygda v/Rasmus Mo
  • Innspel frå Ungdomsrådet
  • Innspel frå Mental Helse
  • Innspel frå Frivilligsentralen
  • Presentasjon av 3 skisser v/Trollvegg Arkitektstudio AS og Simon Stulien Plan

Etter presentasjonen blir det mogleg å vitje fire stasjonar med dei ulike skissene for å gje ros og ris, kome med forslag til endringar eller innspel på korleis dei kan bli endå betre. Arbeidsgruppa for moglegheitsstudiet er tilstades.

Det blir eigen ungdomsstasjon med servering av Åseralsdrops.

Det blir servert verdas beste kanelbollar, saft og kaffi.

Alle er hjarteleg velkomen til ein spanande kveld!

 

Arr: Åseral kommune