Me har gleda oss veldig til filmpremiere og arrangement i sommar, så det er leit å avlyse. Likevel trur me dette er den beste løysinga sidan det er mykje restriksjonar og mange som framleis må vere ekstra forsiktige. Blant anna venta me Amerikabesøk til premieren, noko som ikkje lar seg gjere no. Det er viktig å få sagt at me har utsett og ikkje avlyst.. så då er det berre å glede seg til neste sommar!

I år vil Minne kultursenter ha hovudfokus på vere turistinformasjon og i tillegg arrangere nokre aktivitetar og guida turar sjølv. Me skal lage turkort med informasjon om aktuelle aktivitetar og turar i heile kommunen, slik at me kan føreslå ulikt til dei som kjem innom.  Aktuelle aktivitetar Åseral kan tilby sommaren 2020 er frisbeegolf, sykling i tilrettelagde løyper, klatring, toppturar, riding, fisking, kanopadling og bading. Me har tenkt å bruke sommarvikarane til guida turar i Kyrkjebygda, der me vil kombinere turoppleving med kulturformidling. I tillegg legg me opp til at ein kan leige og padle kano frå Smeland til Kyrkjebygda, der me på Minne legg til rette for transport av folk opp til utgangspunktet kvar dag kl. 10.

Sidan årets arrangement er lagt på is har me fått ekstra tid til å gjere andre ting. Me her gått saman med næringsrådet for å lage ein kort reklamefilm for Åseral som me skal bruke for å få fokus på Åseral som destinasjon 2020. Me tenkjer dette er viktig for aktørane som slit og ikkje minst for Åseral som destinasjon. Dette vert ein kort snutt som skal brukast i media, facebook, instagram og liknande.