Kven kan få tenesta?

Middagsombringing er ei ikkje lovpålagt teneste, men eit behovsprøva tilbod. Ein kan søkje om å få utlevert middag ein eller fleire dagar i veka, frå måndag til fredag. Det er heimetenesta eller frivillige som køyrar heim maten til deg frå kjøkkenet på Åseralsheimen.

Når kommunen mottek søknad vil det bli gjort ei kartlegging av behov og fagleg vurdering før vedtak fattes.

Kva kostar det?

Middagsombringing er ei prisa teneste som regulerast ut frå kommunens gebyrregulativ/prisliste.

Klage

Vedtaket er eit enkeltvedtak ein kan klage på. Skriftleg klage sendast til den som har fatta vedtaket i kommunen. Kommunen har plikt til å gje naudsynt råd og rettleiing ved ei eventuell klage. Saka blir gått gjennom på nytt. I tilfelle vedtaket blir oppretthaldt, blir saka sendt vidare til Formannskapet i kommunen for endeleg handsaming.

Klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.