For å få tilskot gjeld desse retningslinene:

  • Ungdomen fyller 16 eller 17 år i løpet av 2020 og er heimehøyrande i Åseral* og er under utdanning.
  • Verksemda har fullt arbeidsgjevaransvar.
  • Verksemda betalar offentleg tariffløn og dekkjer sosiale kostnader.
  • Ungdommen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale.
  • Åseral kommune yter ikkje tilskot til ungdom som jobbar i "pappas bedrift" eller t.d. på garden heime.
  • Kommunen gjev lønstilskot for maks kr 80 x 75 timar (2 arbeidsveker) pr. ungdom.
  • Verksemda sørgjer i utgangspunktet sjølv for å skaffe seg ungdom,
  • Søkjer du kommunen om å få tildelt ungdom er søknadsfristen 28. februar 2019.
  • Søknad om tilskot må vera sendt oss innan søknadsfristen.


Tilskot vert ikkje gjeve dersom ungdomen i tillegg har sommarjobb i Åseral kommune.

* Registrert i Folkeregisteret med bustadadresse i Åseral kommune

Søknadsskjema - løstilskot for å ha ungdom i sommarjobb

(Etter at arbeidstilhøvet er avslutta, sender verksemda krav om lønstilskot til kommunen på eige skjema. Dette skjemaet vert sendt verksemder som har søkt om tilskot.)