Kva er legionella?

Legionella smitter ved innanding av fine, svevande vassdropar (aerosolar) som er forureina med bakterien. Den smitter ikkje frå menneske til menneske. Faren for å bli sjuk av legionella bakterien er liten. Mest utsett er eldre, røykarar og menneske med nedsett immunforsvar på grunn av anna sjukdom.

Legionellose kan utvikle seg vidare til legionærsjukdom som kan gi ein alvorleg lungesjukdom og til ein mildare variant som vert kalla pontiacfeber og som gir influensaliknande symptom.

Dusjen er den mest vanlege smittekjelda for legionærsjukdom i Norge. Bakterien er og funne i kjøletårn, gassvaskeanlegg og boblebad.

Bakterien som finst naturleg i vann og jord, er ein uønskt bakterie i røyrsystema i hus og hytter. Når hytter ikkje har vore i bruk på lang tid kan bakterien ha fått gode vekstvilkår. Det er viktig å hindre at legionellabakterien får etablere seg i vassystemet på hytta.

Vent med å dusje og bruke varmtvatn til du har gjort dette:

1.    Skru varmtvasstanken opp til maksimal varme.

2.    Opne alle kraner i servantar/vaskar og dusj. Spyl godt igjennom heile systemet på full varme i 5 minuttar. Har du en liten varmtvassberedar må du tilpasse deg til kapasiteten.
Unngå å bli skålda av varmtvatnet!

3.    Når varmebehandlinga er utført, kan termostaten settast tilbake til normal temperatur på ca. 60 grader.

4.    Skru av dusjhovudet og slangen, fjern eventuelt belegg inne i dusjhovudet, og legg delane i en 10 liters bøtte med vatn og eit par korkar klorin.

5.    Syt for at både slangen og dusjhovudet er fylt med vatn. La det ligge i minst ein halv time.

6.    Dersom kaldt vasslangar/røyr ligg slik til at det vert stilleståande vatn over tid, bør dette spylast ut inntil vatnet kaldt og friskt. 

Har du boblebad utan filter? Da bør det bli tømt heilt for vatn etter bruk, og anlegget bør handsamast med klor jamleg.

For hytter med enklare løysningar for vassforsyning gjeld regelen å halde kaldvatnet kaldt og unngå stilleståande vatn.

Sisterner/tankar til oppbevaring av drikkevatn med tilhøyrande slangar bør reingjerast, desinfiserast og tømmast kvar haust.

Desinfisering gjerast ved å tilsette 3 dl hushaldningsklor per kubikkmeter (1000 liter) vatn.

Spyl så klorholdig vatn gjennom vassleidningar for kaldt og varmt vatn. Skyl med reint vatn.

Kjelde: FHI