Viktig informasjonskanal i kriser
Kommune-appen er ein viktig informasjonskanal i krise- og beredskapssituasjonar. Alle som har installert appen får viktige meldingar som kommunen sender ut. Vi tilrår difor å ha på varslar. Huker du av for interessekategorier og målgrupper kan du styre kva anna informasjon du ønsker varsel på.

Felles app for 6 kommunar
Appen er ei felles anskaffing i det interkommunale IKT-samarbeidet DDV , som inkluderer kommunane Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lindesnes og Åseral. Alle kommunane i IKT-samarbeidet har utvikla sin egen instans for alle kommunane, det vil difor vere noko variasjon i korleis appen ser ut for den inskilde kommune. 

Vi treng di tilbakemelding
For at appen skal ha mest mogleg nytteverdi for våre innbyggar er det viktig at du gjev oss tilbakemelding slik at vi kan tilpasse appen best mogleg. Vi vil kontinuerleg jobbe for at appen skal vere mest mogleg nyttig, og kjem difor til å foreta justeringar dersom vi ser det naudsynt.

Har du innspill? Send ein e-post til post@aseral.kommune.no eller fyll ut skjema.