Born og unge er framleis prioritert om det vert rift om plassane, men no er det fleire tilbod for deg som er ferdig med ungdomsåra. Forutan standart tilbod innan musikk og kunst er det no etablert fleire andre moglegheiter. Kva med eit matlagingskurs med mesterkokka Lena, eller eit swingkurs med stordansaren Jan Arild? Påmelding til mange av hausten sine tilbod er no innan 1. juli. Informasjon om dette finn du inne i bladet og påmeldingsskjema finn du på kommunen si heimeside. Nytt høvet no og bli med i Åseral kulturskule frå hausten 2022!

Her finn du fleire opplysningar om tilbodet og påmeldingsskjema