Kommunedirektøren er kommunen sin øverste administrative leiar. Han skal sjå til at saker som blir lagt fram for folkevalde organ er utgreia på ein forsvarleg måte og at vedtak blir iverksett. Kommunedirektøren har i tillegg ansvar for at administrasjonen blir dreven i samsvar med lover, forskrifter, overordna instruksar - og at det blir ført kontroll med dette.
Kommunedirektøren har møte- og talerett i alle politiske utval, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle folkevalde organ, bortsett frå kontrollutvalget. Normalt møter kommunedirektøren i kommunestyret, formannskapet, administrasjonsutvalet, medan avdelingssjefar, økonomisjef og mellomleiarar møter i hovudutval/andre utval.
Kommunestyret gjer kvar valperiode vedtak om delegasjon av mynde til kommunedirektøren. Denne blir vidaredelegert til andre i organisasjonen med mindre kommunestyret har sagt at det ikkje skal skje.
Leiargruppe stab
Stilling | Namn | E-post | Telefon |
---|---|---|---|
Stabsleiar | Astrid Marie Engeli | astrid.marie.engeli@aseral.kommune.no | 476 58 969 |
Økonomisjef | Rune Hole Nilsen | rune.hole.nilsen@aseral.kommune.no | 958 69 270 |
Personal- og organisasjonsleiar | Ellen Ubostad Haaland | ellen.ubostad.haaland@aseral.kommune.no | 900 45 127 |
Skule- og barnehagefageleg rådgjevar | Lene Øyulvstad | lene.oyulvstad@aseral.kommune.no | 996 02 063 |
Rådgjevar digitalisering og beredskap | Odd Helge Liestøl | odd.helge.liestol@aseral.kommune.no | 918 68 502 |
Kommuneoverlege | Ann Margret Haaland | ann-margret.haaland@aseral.kommune.no | 915 57 337 |