Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Helseetaten er no i gang med vaksinering etter gjeldande retningsliner. Bebuarar på sjukeheimen blir prioritert først, deretter personar over 85 og og utvald helsepersonell. Etter dette blir det fortløpande tilbod til alle etter alder og risikogruppe. Alle folkeregistrerte over 65 år vil få telefon med forespørsel om dei ynskjer vaksine. Vi har pr. dags dato ikkje oversikt over tidspunkt for vaksinering, men den enkelte vil få beskjed i god tid før oppmøte. Dersom du ikkje har blitt kontakta om du ynsker vaksina må du ringe legekontoret, tlf. 38 28 59 00.
Vaksina er gratis.
Bivirkningane er vanlegvis milde eller heilt fråverande. Ein kan få smerter på stikkstaden, hovudpine, feber, frysningar, muskel- og leddsmerter. Dette går over av seg sjølv.
Vaksinering av friske mellom 45 og 64 år vil det bli informert om på eit seinare tidspunkt.
Når det gjeld personar mellom 18 og 64 år som er definert i risikogruppene bed vi om at alle som ynskjer vaksine tek kontakt med legekontoret på telefon 38 28 59 00 for registrering.