Førjolstida og joleferien inneber sosialt samvær for mange av oss. Når familien møtast, treff ein ofte folk i alle aldre, inkludert dei som har større risiko enn andre for alvorleg sjukdom dersom dei vert smitta av covid-19. Mange nytter jola til å reise på vitjing til familie og vener i andre delar av landet, nokre gonger med overnatting.

Denne jola må me alle forsøke å ivareta smittevernråda samstundes som også tek omsyn og inkludere eldre, einslege og andre som elles kan falle utanfor.

Råd som reduserer risiko for smitte i jola

  • To dagar i løpet av jol og nyttår kan du enten ha eller delta i selskap med inntil 10 gjester, i tillegg til dei som bur i husstanden. Med unntak av dei to dagane, er gjeldande nasjonale tilrådingar ikkje å ha fleire enn 5 gjester.
  • Risikogruppe: Dersom vertskap eller gjester er i ei risikogruppe, bør det syne ekstra omsyn. Vurder å redusere talet på gjester frå det som er dei generelle råda.
  • Sjukdom og karantene: Har du luftvegssymptom eller er sjuk med covid-19, skal du ikkje invitere til selskap, dra på besøk eller delta i selskap. Det same gjeld om du er i karantene.
  • Dersom du reiser frå eit område med mykje smitte, bør du vere ekstra forsiktig og avgrense kontakt med andre i dagane før reisa, og eventuelt dei fyrste dagane etter åtkomst. Dette gjelde særleg før du skal treffe personar i risikogrupper.
  • De vanlege smittevernråda gjeld: Hugs alltid minst 1 meters avstand mellom personar som ikkje bur samen eller er tilsvarande nære. Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde 2 meters avstand til personar i risikogruppa.
  • Dersom kontaktbehovet til den besøkande i risikogruppa er så viktig at 1 m avstand ikkje lar seg overhalde, må du vurdere å ta på deg munnbind. Du må likevel syte for å ha minst mogeleg ansiktsnærleik og vere nøye med hand og hostehygiene.
  • Handhygiene: Legg til rette for at gjestane kan vaske hender ofte eller bruke handdesinfeksjonsmiddel. Ha gjerne eige handkle til kvar gjest eller papirhandkle.
  • Overnatting: personar frå ulik husstand bør ikkje dele soverom.

Dersom du har familiemedlemmer eller nærpersonar der det vurderast at besøk utanfor institusjonen inneber betydeleg smitterisiko, men at det vurderast at besøk av pårørande inne i institusjonen kan gjennomførast forsvarleg, kan dette avtales. Det leggast til rette for at spesielt ektefelle/partner, eventuelt andre som er nære, får feire jolehøgtida saman med bebuarar i institusjonen i slike høve. Pårørande tek kontakt med institusjonen for å avtale dette.

Råda bygger på FHIs og HelseNorges smittevernråd for ei trygg jolefeiring.

Her kan du lese meir: fhi.no