Søknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret føregåande år, og 25. juni for vårhalvåret inneverande år.

Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral.
Halve summen kan utbetalast etter kvart semester.
Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført ved kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar dette. Husk stempel og underskrift. 

Bortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige.
Kvar elev/lærling kan få kommunalt utdanningsstipend for totalt 3 år.

Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir siste halvår utbetalt.

For ytterlegare informasjon – kontakt sakshandsamar, tlf. 482 19 633

Reglar for kommunalt utdanningsstipend i Åseral kommune

1. Åseral kommune gir stipend til utdanning etter grunnskulen. Vaksenopplæring som ein del av grunnskulen omfattast ikkje av ordninga. Kveld- og helgekurs omfattast heller ikkje av ordninga. Stipendordninga blir administrert av stab. Stipend vert gjeve etter det reglement og dei satsar kommunestyret til ei kvar tid bestemmer.

2. Kvar søkjar kan få stipend for i alt 30 månader fordelt over 6 semester eller 3 år. (Eit heilt skuleår er 10 månader, eller normert 60 studiepoeng). For å få rett til stipend må utdanninga svare til minimum 5 månader eller 30 studiepoeng i løpet av eit studieår. Ein får då utbetaling med 50% av full sats. Studie med omfang mellom 5 månader /30 studiepoeng og 10 månader/ 60 studiepoeng i løpet av eit studieår, får prosentvis utbetaling av full sats.

3. Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral under studietida. Elevar som bur heime (fordi skulen ligg så nær eller det er offentleg skyss), får stipend med 50% av full sats. Dersom avstanden frå heimen til offentleg skuleskyss er minst 3 km. blir det gjeve stipend med full sats. Søknader som kjem etter søknadsfrist vert avslått.

4. Alle elevar som følgjer ordinært opplegg i vidaregåande skule (også lærlingar) kan få stipend etter satsane som går fram av dette reglementet, til og med det året søkjar fyller 25 år.

5. Stipend blir utbetalt etter kvart skuleår. Halve summen kan utbetalast når første halvdel av skuleåret er fullført. Søkjar legg då fram attest frå skulen. Søkjar som er bortebuar må og leggja fram attest på dette (for eksempel dokumenterte leigeutgifter/husleigekontrakt)

6. Kravet for å få stipend er at eleven har delteke i undervisninga. Det er ikkje krav om gjennomført og greidd eksamen. For opplæring utan frammøteplikt må eksamen vere gjennomført og greidd.

7. Stabsleiar tilviser stipend i alle kurante saker. Viss det kan vere tvil om søkjar har rett på stipend, skal saka avgjerast av HOL.

8. Dersom ein søkjar må slutte skulegangen på grunn av sjukdom eller andre forhold som søkjar ikkje kan hjelpe for, kan vedkomande søkja om å få stipend for den tida som søkjar faktisk har gått på skule dersom studietida er minimum 5 månader. HOL avgjer om stipend skal ytast.

9. Avgjerd om stipend kan klagast til Formannskapet innan 3 veker etter at søkjar har fått melding.

10. Formannskapet, medlem av HOL eller stabsleiar kan krevje at HOL tek desse reglane opp til revisjon.

Satsane er for tida sett til kr. 10 000,- og kr. 5 000,- høvesvis bortebuar og heimebuar.

Vedteke i kommunestyret 28.06.2018 - revidert av administrasjonen etter omorganisering i 2023