Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kommunalt utdanningsstipend 2024/2025

Søknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret, og 25. juni for vårhalvåret.
Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral.

Halve summen kan utbetalast etter kvart semester. Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført. Enten kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar dette. Husk stempel.

Bortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige.

Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir siste halvår utbetalt.

Søknadsskjema og reglar finn du på Kommunalt utdanningsstipend - ÅSERAL KOMMUNE

For ytterlegare informasjon – kontakt resepsjonen tlf. 38 28 58 00

KI generert bilete av elever i eit klasserom

Publisert