Miljøsertifisering:

Det kan gjevast støtte til utgifter i samband med miljøsertifisering av verksemder. I heile samfunnet er det stadig meir merksemd kring utfordringane med naturtap og utslepp av klimagassar.  Kravet om at aktivitet ikkje skal vera naturøydeleggande vil bli stadig sterkare.  Dette gjer at det til dømes i samband med anbod blir lagt vekt på om verksemdene er miljøsertifisert. Støtte til miljøsertifisering skal bidra til å styrke lokale verksemder i arbeidet med å få oppdrag.

Kostnader til planlegging:

Det kan gjevast støtte til ulike planleggings-/utviklingsprosjekt.  Støtte til planlegging blei prioritert bort i 2016.  Erfaringa har synt at det likevel er ønskjeleg med slik støtte og ordninga er nå på ny ein del av næringspolitikken.

Obligatorisk tilkopling av eldre hytter:

Då kommunestyret vedtok obligatorisk tilkopling til VA-anlegg for eksisterande hytter var det med føresetnad om at tilkoplingsavgifta skulle dekke kostnaden til hovudleidning. Det er no opna for at ein eventuelt kan subsidiera leidningsnett noko. På den måten kan ein både oppnå miljøvinsten ved tilkopling, og auke oppdragsmengda for lokale byggefirma som tilkoplinga gjev.  Spursmålet om kommunal delfinansiering av leidningsnett skal takast stilling til i kvart einskilt tilfelle.

Lik kommunal finansiering av infrastruktur i heile kommunen:

På kommunale næringsområde er det slik at kommunen dekker alle kostnader til infrastruktur utanfor den private næringstomta.  Kommunestyret opna for å gjera dette prinsippet gjeldande i heile kommunen – så sant det er tale om næringsbygg. Dette er ikkje ein del av det konkrete regelverket. Den konkrete løysinga må takast stilling til i kvart einskilt tilfelle. Ved VA-investeringar vil til dømes sjølvkostrekneskapen spela inn.

Geografisk plassering av verksemder og kommunalt tilskott:

Sidan 2016 har det vore slik at det berre gis investeringstilskott til etableringar på kommunens næringsområde, tiltak som styrker sentrumsutvikling samt investeringar i reiselivsområda. Næringsrådet har spela inn at ein bør mjuka opp denne politikken. Ny politikk er at ein kan gje tilskott til næringsbygg utanfor kommunens næringsområde, men med som føresetnad at tomta den aktuelle bygningen står på skal vera frådelt og vera regulert til næring.

Fortløpande handsaming av søknader:

Frå 2016 har ein hatt søknadsfrist to gonger i året. Denne ordninga blei etablert i ein situasjon der det var fleire søknader enn det var budsjettmessig rom for å støtte.  Det var difor eit politisk ønskje om å kunne sjå flest mogleg søknader i samanheng slik at ein kunne prioritera mellom desse.  Kravet om at investeringar må kost minimum kr 250 000 og kostnader til kompetanseheving må vera minimum kr 25 000 har redusert mengda søknader monaleg. Formannskapet meiner difor det er rom for å kunne handsama søknader fortløpande.

Type bygg:

I 2016 blei det sett føresetnad om at tilskott berre kan gjevast til produksjonsbygg, og ikkje til reine lagerbygg.  Denne føresetnaden er nå tatt bort.

................

Endringane i regelverket gjeld frå vedtaksdatoen 13. Juni.

Det nye regelverket finn du her!