Program for kvelden

Dørene opnar kl. 18.00. Ljosland Fjellstove serverer lokalmat. 
Ordførar Inger Lise Lund Stulien ønskjer velkomen kl. 19.00. 
Helsing frå verneområdestyret for SVR ved styreleiar Jonny Liland. 


“Dei første veidemenn” ved Snorre Haukalid, arkeolog Agder Fylkeskommune
Arkeologiske undersøkingar syner at heiane har vore nytta av menneskja i fleire tusen år. Lær meir om kven dei var og korleis dei nytta heiane her i sør.

“Den lokale villreinhistoria i Åseral” premiereframsyning av filmen
Jegerar og anna heiefolk fortel om sine møte med villreinen i Åseral. 
Korleis nytta villreinen åseralsheiane før og korleis er stoda i dag? 

Dette er eit gratis arrangement som er ope for alle, så du kan ta med deg så mange gjestar du vil.
Grunna matservering må vi ha påmelding innan 19. april

Meld deg på her!