Nasjonale tilrådingar

Regjeringa har innført fleire tiltak både i førre og i denne veka for å få ned smittetalet i landet:

Sosial kontakt

  • Tilråding om at alle i dei kommande vekene i størst mogleg grad må halde seg heime og avgrense sosial kontakt med andre menneske.
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.
  • I tillegg til tilrådingane kjem ein ny regel for kor mange ein kan vere på private samkomer og arrangement.

Reiser

  • Unngå innanlandsreiser som ikkje er nødvendige. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre er unnatekne.

Reglar for heile landet:

Private samkomer og arrangement

  • Grense på inntil 20 personar på private samkomer på offentlege stader og i leigde lokale.

Offentlege samkomer og arrangement

  • Grense på inntil 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete.
  • Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

Endringa blir sett i verk midnatt, natt til måndag 9. november.

Uteliv

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl. 22.00.

Endringa blir sett i verk ved midnatt, natt til laurdag 7. november.

Karantene og reiser

  • Reisande frå raude land må vise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje kan vise fram ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise.

Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

  • Personar som kjem til Noreg må ha fast tilhald i landet, eller arbeids- eller oppdragsgivar må gi garanti for eigna tilhaldsstad ved framkomst til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkjande, som verken har eige tilhald eller arbeids- eller oppdragsgivar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld òg familiemedlemmer som kjem for å besøkje slekt i Noreg. Helsedirektoratet blir gitt i oppdrag å greie ut korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er etablert, blir grensekontrollen forsterka etter eksisterande regelverk.

Informasjonen er henta frå: nrk.no