• Skulen blir opna for alle elevar i løpet av neste veke. Varsling om tidpunkt og vilkår vil bli sendt ut til dei einskilde
  • Rådhuset vert opna for vitjande kvar vekedag frå måndag 11. mai kl. 09:00 – 14:00 (hugs å gjere avtale då mange framleis har heimekontor). Alle vitjande må skrive seg inn i besøksprotokollen.
  • Det er no lov for inntil 20 personar å møtast i privat samanheng så lenge 1 meters regelen blir overheldt.
  • Fleirbrukshallen og symjehallen er stengt for i sommar. Dette med bakgrunn i at skulen vil halde undervisninga utandørs og at det er svært få aktivitetar som kan gjennomførast med dei smitteverntiltaka som er gjeldande. Sett opp mot dei strenge krava som gjeld for reingjering er det ikkje kapasitet for å kunne opne desse no
  • Biblioteket vert opna torsdagar framover frå og med 14. mai
  • Ungdomsklubben kan opne neste veke under føresetnad av at dei berre er i kantina og med eit begrensa kiosksal
  • Det er opna for at treningsstudio kan opne den 15. juni under diverse vilkår. Dette vil idrettslaget måtte sjå på

Lenke til artikkel: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringens-plan-og-justering-av-koronatiltak/id2701493/

 

Me vil pressisere følgande:

  • Regelen om å halde 1 meters avstad er framleis gjeldande. Innandørs og utandørs
  • Den nasjonale dugnaden held fram så hugs hygiene

Tidsplan for gjennopning, korona 2020