Pressemelding frå regjeringa 7. april 2020
«Vi har nå sammen fått kontroll på viruset, derfor kan vi åpne opp samfunnet litt etter litt. Vi skal gjøre det sammen, kontrollert og over tid», sier statsminister Erna Solberg
Les heile saka på Regjeringen.no

 

Åseral kommune slutter seg til vedtaket til regjeringa og letter på innførte tiltak i høve til dette.

Dette betyr det blir opna for følgande tenestar:

20. april blir barnehagen opna igjen
20. april opphøyrer hytteforbodet, men at unødige fritidsreiser framleis ikkje er tilrådd
20. april blir det opna for ein til ein helsetenestar (fysioterapeut, kiropraktor, psykolog osv).

27. april planlegg me at skulen blir opna for 1. til 4. klasse
27. april planlegg me at SFO opnar
27. april blir det opna for ulike ein til ein tenestar (frisør, hudpleie, massasje osv)

 

Dette betyr igjen at følgande kommunale tilbod framleis er stengt/avlyst:

  • Skule for 5. til 10. klasse
  • Kulturskulen
  • Minne kultursenter med bibliotek
  • Grendehusa
  • Rådhuset inklusiv NAV
  • Kultur- og idrettsarrangement
  • Fleirbrukshall med treningssenter
  • Åseralsheimen og omsorgsbustader er stengt for alle besøkande, med unntak for dei som er pårørande til kritisk sjuke pasientar
     

HUGS at dette framleis gjeld:

  • Hygienedugnad er det viktigaste du gjer
  • Hold avstand, 1 meter utandørs og 2 meter innandørs, og ikkje fleire i enn 5 i ei gruppe
  • Reis ikkje meir enn naudsynt
  • Karantenereglar
  • Kan du ha heimekontor – så arbeid heimanfrå

 

Diverse lenker
Forskrift om karantene: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-03-19-355

Fakta, råd og tiltak frå Folkehelseinstituttet finn du her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

Alle vert oppfordra til å framleis delta i dugnaden for å hindre smittespreiing!