Eigedomsskattelista for 2021 er no lagt ut til offentleg gjennomsyn. 
Du kan lese eigedomsskattelista for 2021 her.
Kommunestyret har vedteke at den generelle skattesatsen for 2021 er 7,0 promille.
Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 1. april og 1. oktober

Klageadgang:

Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten Jf. eigedomsskattelova kapittel 6.

Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14.

Klagen sendes til:
Åseral kommune, Eigedomsskattekontoret, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL

Om Eigedomsskatt:

Eigedomsskattelova blei endra ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 og tredde i kraft 1. januar 2019. Lovendringane gjorde at verk og bruk blei fjerna som eigen utskrivingskategori i eigedomsskattelova. Kommunestyret vedtok at vi skulle gå vidare med å skrive ut eigedomsskatt etter den nye § 3 bokstav c som omfattar «kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum».

 I samband med dei nye reglane blei det vedteke ein overgangsregel som gjer at det som tidlegare var verk og bruk frå 2019 blir rekna som næringseigedommar. Det gjeld ikkje kraftverk og kraftnett. Kommunen skal frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 skrive ut eigedomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag». Det særskilte grunnlaget skal baserast på differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget.