Ergoterapeut
- Kartlegging av funksjonsnivå.
- Trena på å utføra daglege gjeremål
- Tilrettelegging av omgivnadene i bustad
- Hjelpemiddelformidling for alle aldersgrupper - Bistand til å søkja på, og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel.
- Utprøving og tilpassing av hjelpemiddel som kan gjera kvardagen enklare og tryggare
- Kartlegging og funksjonsvurdering av barn- og ungdom, både heime og på skulen.
- Vurdera tilretteleggingsmoglegheiter for bustad – og bistand til å søkja på tilskot til tilrettelegging av bolig hos Husbanken
Når kontaktar du ergoterapeut?
- Når du ikkje lenger klarer å utføra- eller har vanskar med daglege, praktiske oppgåver som du klarte tidlegare: gå på butikken, dusja, besøkja venner og familie etc.
- Ved behov for hjelpemiddel eller tilrettelegging for å kunna utføra daglege gjeremål
- Når du ønskjer rettleiing og tilrettelegging eller trening for å bli meir selvhjulpen.
- Viss barnet ditt har vanskar med å fungera på skulen og/ eller har behov for hjelpemiddel for å mestre kvardagen/ skule.
Ergoterapeut har ein dag i kvar kommune
Bygland – Måndag
Valle – Tysdag
Åseral – Onsdag
Bykle/ Hovden – Torsdag
Fredag – Kontor eller utkøyring ved behov.
Kommunalt hjelpemiddellager
Kommunal Vaktmeister og ergoterapeut har ansvar for det kommunale hjelpemiddellageret. Her er det eit lite utval hjelpemiddel som kan lånast ut på kort varsel. Tenesta er gratis. Vaktmeister køyrer ut og monterer opp aktuelle hjelpemiddel. Brukarar eller pårørande kan òg henta hjelpemiddel sjølv som ikkje krev montering.
Tilvising
Tilvising til tenesta ligg som vedlegg på denne sida. Fyll ut og send med brevpost:
- Prestlidi 68 v/ ergoterapeut Andreas Isaksen
4745 Bygland
Hjelpemiddel hørsel
Hørselskontakten bistår deg som har nedsett hørsel, slik at du kan fungera så godt som mogeleg i dine omgivnader. Tenesta skal vera bindeledd mellom deg, kommunehelsetenesta og fagpersonell ved SSHF og NAV Hjelpemiddelsentralen og bidra til at du som er hørselshemma får ein bedre kvardag.
Wenche Hamran Birkeland
Mobil 415 14 270
Mail: wenche.hamran.birkeland@haegebostad.kommune.no
Torsdager 08.00 - 16.00
Hjelpemiddel syn
- Kartlegge behov i brukars nærmiljø, som regel ved eit heimebesøk
- Råd og vegleiing
- Hjelp med søknadsprosessen ved søknad om synshjelpemidlar
- Opplæring i bruk av synshjelpemidlar
- Utprøving av synshjelpemidlar
- Samarbeid med andre instansar i kommunen og andre brukarorganisasjonar
Kontaktperson
Gro Hobbesland
Mobil 916 96 147
Mail: Gro.Hobbesland@haegebostad.kommune.no
Kontordager:
tysdag og torsdag
kl 07:30 - 15:00