Mange omsyn skal takast for å hindre spreiing av koronaviruset, men det treng ikkje bli ei stillesittande innepåske av den grunn. Korleis kan me ivareta behov for hygge, livskvalitet og samstundes følgje råda om smittevern? Les meir om dette på heimesida til Folkehelseinstituttet. Du kan og få med deg mange lokale tips frå heimesida til Friluftsrådet.

 

Vakttelefonar i Åseral i påska

Sentralbordet og legekontoret har stengt i påska (frå kl. 11:30 onsdag 8. april). Det er ikkje oppretta ein eigen koronatelefon i kommunen med bakgrunn i påvist smittetal. Dette vil kunne bli aktuelt å opprette om tilhøva skulle endre seg.

 

Dette er vakttelefonar som skal nyttast: 

Legevakt: 116 117
Øyeblikkelig hjelp: 113
Alarmtelefon barn og unge: 116 111
Tannelegevakta (akutt):  38 05 00 00 (mellom kl 11:00 - 13:00 i helger og helligdager)

Ved henvendingar som ikkje er av medisinsk art:

Teknisk og drift: 970 96 200
Beredskapskoordinator: 918 68 502
Frivilligsentralen: 412 09 168

Mange vil kunne finne svar på spørsmål dei måtte ha på heimesida til Helsenorge. Dei har og oppretta ein eige informasjonstelefon for publikum (815 55 015).

 

Åseral kommune vil nytte høvet til å ynskje alle ei god og smittefri påske! :)