Rådgjevinga skal vera ei hjelp til å redusera energibruken og få ei lågare straumrekning. Å bruke mindre energi, eller gå over til fornybare energikjelder, er dessutan eit godt klimatiltak. I tillegg vil bustadeigarane kunne få råd om ulike løysingar for lading av elbil, aktuelle støtteordningar og anna.

– Tilbodet er ein del av fylkeskommunen og kommunane sitt arbeid med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarane skal kunne ta klimavenlege val.

Ordninga er gratis og gjeld ut 2023. Hensikta er å motivera eigarar av bustadar til å redusera energibruken i egen bustad og ta klimavenlege val. Dette skjer gjennom bruk av energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgjevar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolering av vegger og tak
  • Byting av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe
  • Solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Digital synfaring med energirådgjevar
Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgjevar, som vil kunne hjelpa deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa din bustad og din økonomi. Dette er et avgrensa tilbod. Gå til kalender for å finne ledige tider.

Energianalyse på nett
Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg å få ein objektiv nettbasert energianalyse av din bustad. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden. Nettsida gjev vegleiing om korleis den skal nyttast.

Kampanjen er finansiert av Agder fylkeskommune og bli levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgjevinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.