Trygghetssirkelen er utvikla gjennom mange års forskning på kva som skaper trygge born. Det er godt fagleg begrunna og tek utgangspunkt i foreldres/føresettes evne til å sjå bornets behov. Som foreldre kan det vere vanskeleg å finne ut av bornets behov og mange føler at dei gjettar seg fram. Trygghetssirkelen kan forklarast som eit kart som hjelper deg som foreldre/føresette til å lettere å klare å sjå bornets behov og kva du treng å gjere i ulike situasjonar.

Jo tryggare born er jo bedre er dei i stand til å få gode relasjonar med vener og familie, løyse konfliktar, få høgare sjølvtillit, ha tillit til omverden, vere god mot andre, men også kunne søke foreldre/føresette om hjelp når dei har det vanskeleg.

Kurset er sterkt anbefalt for alle foreldre/føresette. Det er ein fordel dersom begge foreldre kan vere med, men om ein kun er den eine er du også sjølvsagt velkomen :)

Kurset er gratis, men det er viktig at ein deltek så godt ein kan på alle kurskveldane.

I denne omgang går tilbodet ut til foreldre/føresette i barnehagen og vi har plass til totalt 8-10stk.

Påmeldingsfrist senest 1 mars til Kristine.tosse@aseral.kommune.no/ eller tlf 94165945.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Me gler oss til 8 innholds og læringsrike kurskveldar.

 

VELKOMEN!

Beste helsing
Venke Austrud (barnehagen), Linda G Øyulvstad (psykisk helse) og Kristine Tøsse (helsesjukepleiar).