Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Endring i plan for koronavaksinering

Åseral kommune har fått 3 gonge så mange doser som tidlegare anteke for veke 30. Dette betyr at mange vil få telefon i dag og i morgon med innkalling til vaksine neste veke. I fyrste omgang er det tale om personar i alderen 40 - 44 år og dei mellom 18 - 24 år. Dersom det ringer frå eit ukjent nummer kan det difor vere greit å ta telefonen for ikkje å misse vaksineringa. Du vil få klokkeslett og dato for oppmøte og vaksineringa vil denne dagen føregå på rådhuset.

Vi ber alle om å fylgje ut og ta med skjema i lenka under når dykk møter til vaksinering. https://www.fhi.no/contentassets/76e833e2ed2f4314ba7fabe0aba40b2e/vedlegg/nynorsk_egenerklaeringsskjema.pdf 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker
Oppmøte for vaksinering i veke 30 er på rådhuset

Oppmøte for vaksinering i veke 30 er på rådhuset

Sist oppdatert 22. juli 2021