Det er no slik at man plikter å registrere seg digitalt før innreise til Norge. Ved grensepassering må man kunne vise til denne digitale registreringa, samt ein negativ test som er under 72 timer gamal.

Innreisekarantene er no 7 døgn dersom man kan legge fram to negative testar etter adkomst. Den fyrste innan 24 timer, og den andre på dag 7.

Den som vel å ikkje teste seg får automatisk 10 døgns karantene.

Staten har bedt kommunane skalere opp, slik at fyrste test ved heimkomst skal kunne takast i eigen kommune.

Ettersom helsehuset i Åseral er stengt i helgene og på kveldstid blir heimreisande bede om i størst mogleg grad å teste seg på grensa ved adkomst.

Via lenkene under kan du lese kva regjeringa skriv om digital reiseregistrering og korleis du skal registrere deg.