Fylkesmannen i Agder presiserte at dette forbodet òg gjeld for båtar, campingvogner, bubilar m.m. Han er òg klar på at folk i fritida skal opphalde seg i kommunen kor dei har folkeregisteradresse. Det er viktig å ikkje reise meir enn strengt naudsynt for å unngå smittespreiing samt ekstra belastning på lokalt helsevesen og annan infrastruktur.

Helsevesenet er for tida svært pressa og har ikkje kapasitet til å ta hand om tilreisande som måtte vere uheldig å skade seg på ein skitur i fjellet. Kommunen sine øvrige ressursar, som normalt er innretta på service for tilreisande, er no omdisponert til oppgåver som må prioriterast høgare. Dette er sjølvsagt ikkje ein ynskja situasjon for kommunen, og alle aktørar som er avhengige av tilreisande for å halde hjula i gong.

Åseral kommune ber difor om forståing for at det ikkje blir køyrt opp løyper i den nasjonale krisa me no er inne i. Målet er å få kontroll på situasjonen så snart som mogleg, slik at me igjen kan ynskje tilreisande velkomen til kommunen for å nytte dei flotte turområda me har.

 

Kriseleiinga i Åseral kommune 27. mars 2020