Søknad utan ansvarsrett

Du kan søke og stå for bygginga sjølv
- Tilbygg inn til 50 m2 (utan inngrep i eksisterande tak- konstruksjon)
- Frittståande garasje inntil 70 m2
- Landbruksbygg inntil 1000m2
- Fasadeendringar
- Veranda
- Bod /tilbygg – mindre 

Type skjema:
- Søknadsskjema utan ansvarsrett § 20-4
- Nabovarsel
- Situasjonsplan
- Teikninga(plan, snitt, fasade)
- Plankart med innteikna bygg

 

Søknad med ansvarsrett

Ansvarleg søkjar sender søknad på vegne av tiltakshavar .
- Nybygg (Hus, Hytte )
- Tilbygg over  50 m2
- Frittståande garasje over 70 m2
- Påbygg med inngrep i konstruksjonen

Type skjema:
- Søknadsskjema med ansvarsrett § 20-1 med oversikt over ansvarsretter.
- Nabovarsel
- Situasjonsplan
- Teikninga(plan, snitt, fasade)
- Grunnkart med innteikna bygg, parkering, utomhusplan

Bygg/tiltak utan søknadsplikt

Fleire tiltak er friteke søknadsplikt, nokre skal meldast inn i etterkant.

Du må uansett alltid vite kva reguleringsplanen tillet og gjev av moglegheiter der du ynskjer å setje i gang arbeider.

Ved tvil, ta kontakt med kommunen for ei avklaring.  

 

  • Mindre bygg som ikkje inneheld rom til varig opphald eller bustadføremål inntil 15 kvadrat BRA eller BYA.

Skal meldast inn i etterkant.

  • Mindre veranda med høgd over 0,5 meter inntil 15 kvadrat BYA.

Skal meldast inn i etterkant.

  • Frittliggjande bygning på bebygd eigedom som ikkje skal nyttast til bustadføremål inntil 50 kvadrat BRA eller BYA.

Høgda skal ikkje overstige 4 meter/gesims 3 meter.

Skal meldast og målast inn i etterkant.

 

  • Levegg med høgd inntil 1,8 meter og lengd inntil 10 meter.
  • Mindre fasadeendring utan at  bygningen sin eksteriørmessige karakter vert endra.
  • Mindre endringar etter kommunen sitt skjønn.
  • Oppsett av badestamp, jacuzzi eller linknande som ikkje er kopla til offentleg avlaupsnett.
  • Mindre støttemurar.
  • Mindre fyllingar
  • Oppsett av skilt inntil 3 meter montert på vegg
  • Antenneystem inntil 5 meter
  • Graving av grøfter, hugs tillating frå grunneigar
  • Drenering
  • Oppføring/riving innafor ei bueining
  • Endring av sanitærinstallasjonar innan ei bueining.

Riving av bygg

Fjerning av alle bygg skal søkast. 

Type skjema:
- Søknad om riving av bygg, med ansvarsrett (Ta kontakt om du har større riveprosjekt på gang )

Søknad om dispensasjon

Korleis finn eg ut av om eg må søke dispensasjon?

Du må søke dispensasjon dersom tiltaket du skal til med ikkje er i samsvar med føremål i gjeldande plan eller føregnene i planen.

Om du skal bygge noko eller du skal dele frå ei tomt så bør du sjekke kva eigedomen er regulert til først. Dette gjer du ved å gå inn i vårt kart. Søk deretter opp eigedomen, adressa eller zoom deg inn i rett område. Trykk på knappen "kartlag" oppe til venstre. Du vil då få opp ei liste til høgre. Huk av for "Arealplan" i denne lista. Kartet vil då bli oppdatert med gjeldande reguleringsplan. Dersom du er i eit område der det er kommuneplanen som gjeld, må du gå i nedtrekksmenyen for "Arealplan" i lista til høgre og huke av for kommuneplan.

Når du har fått teikna opp planen i aktuelt område trykker du med venstre mustast i kartet. Du vil då få opp kartlagsinfo for valgt punkt til høgre i vinduet. Trykk på nedtrekkmenyen til "Reguleringsplan" eller "Kommuneplan". Under "Arealformål" vil det stå informasjon om kva eigedomen er regulert til. Er tiltaket du skal til med i samsvar med formålet i planen så står det bare att å undersøke føresegnene til planen. Det kan vere at føresegnene til planen gjer at du må søke dispensasjon. Føresegnene finn du i "Planarkiv" (nedst i vinduet for "Arealformål")

Vi har laga ei sjekkliste for kva du må ha med i ein søknad om dispensasjon. Den finn du HER.

 

Plassering av bygg

  • Reguleringsplanen er oftast styrande for korleis eit bygg skal plasserast på ei tomt.

I reguleringsplanen kan det vera krav til planeringshøgd og byggegrenser.

 

  • Utgangspunktet er at 4-metersrgelen frå nabogrense gjeld.

Unnatak er om naboen erklærer og du tek på deg krav om ekstra brannsikring. I slike tilfelle vurderer og kommunen kva som er hensiktsmessig.

 

  • Eit plassert bygg skal målast inn etter det er bygd. Kommunen kan godta inntil 20 cm. avik frå ein stikningsplan/ slik bygget er omsøkt.    

Innsending

Byggesøknad sender du på mail til post@aseral.kommune.no, eventuelt til: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Skjema

Alle skjema hentast på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet:
Byggesaksblanketter