Kriterier/vilkår
Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:
- om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.
Korleis få utført eller motta tenesten?
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.
Då kontaktar du den avdelinga du mottek tenester frå.
Er du ny brukar og ikkje veit kvar du bør henvende deg, kan du ringe omsorgskontoret på telefonnummer 38285920
Søknad om helse og omsorgstenester.pdf
Søknad sendes til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL
Sakshandsaming
Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi koma på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Sakshandsamingstid
Kommunen har plikt til å handsama saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Klage
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Lover og forskrifter
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) § 2-8. Tiltak ved særlig tyngende omsorgsoppgaver