Slik laste du ned appen:
- Gå inn på App Store eller Google play
- Søk opp «Innbygger iSør» og trykk last ned
- Vel kommune
- Vel målgruppe du identifiserer deg med
- Vel interesser
- Huk av for at du ønskjer varsling
- No er du ferdig og kan gjere deg kjent i menyane våre
Årsaka til at vi ønskjer ein innbyggar-app er fordi potensialet til å nå ut til innbyggarane våre med viktig og relevant informasjon er større enn i dei andre kanalane vi har.
Innbyggane, hytteeigarar og tilreisande har moglegheit til å huke av for kva type informasjon dei ønskjer å bli varsla på. Dei kan velgje både målgruppekategoriar og interessekategoriar. Ved å definere kva målgruppe man identifisere seg med, og huke av for interessekategoriar kan dei få informasjon om det dei synast er interessant. Det gjev moglegheit til å informere på ein meir målretta og effektiv måte.
Nettsida er framleis kommunen sin viktigaste kanal for informasjon. Appen blir eit viktig supplement i å spreie viktige informasjon frå kommunen. Kommunen kan sende varslar til alle, uavhengig av målgruppe- og interesseval. Det er spesielt ved kriser eller unormale hendingar kor informasjonen er nyttig for alle å vite om, at dette blir aktuelt.
Appen er felles for fleire kommunar i Agder
Når du opnar appen for fyrste gong vil du bli beden om å velgje kommune. Du kan når som helst bytte mellom dei ulike kommunane i appen, og appen endrar profil ut frå kva kommune du har vald.
- Har du hytte i Åseral for eksempel, vil du enkelt kunne bytte mellom Åseral og bustadkommunen, dersom denne er innafor samarbeidet
Val av kommune vil endre appens logo på mobilen. Enn så lenge gjelder dette bare for iPhone, men Android jobbar med ei tilsvarande løysning.
Vi vil høyre di mening
For at appen skal bli så nyttig som mogleg for treng vi tilbakemeldingar. Kva manglar? Kva bør det vere meir av? Er det noko som ikkje fungere? Både i sjølve appen og på kommunen si heimeside (i botnen av artikkelen) finn du tilbakemeldingsskjema.
Vi håper at vi gjennom appen klare å gjere tenestene lettare tilgjengeleg og på den måten komme tettare på innbyggarane.
Her kan du laste ned appen
App Store: https://apps.apple.com/no/app/innbygger-is%C3%B8r/id6503160633?l=nb
Google Play: https://play.google.com/store/apps/details?id=no.ddv.app&pcampaignid=web_share
Her kan du gje ei tilbakemelding på appen