Det er ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, men personar med anna utdanning og/eller relevant praksis kan òg bli vurdert. Vi søkjer personar som er fleksible, sjølvstendige, som har kjennskap til ungdomskulturen og gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Ved tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillande politiattest.

Løn etter vanlege kommunale vilkår.

Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar for service, kultur og reiseliv  Odd Helge Liestøl tlf. 918 68 502 eller ohl@aseral.kommune.no

Søknad med CV skal sendast på epost til post@aseral.kommune.no

Søknadsfrist  7. august 2020.