Offentlig ettersyn av permanent stenging av tiltaksveg Langevatn, Åseral kommune
Agder Energi Vannkraft fekk i 2017 løyve til å auke reguleringshøgda i Langevatn med 10 meter. I høyringa var Turistforeninga og berørte grunneigarar opptekne av ferdsel langs og over Langevatn. Som eit avbøtande tiltak vart Agder Energi pålagt å bygge ein tiltaksveg for å erstatte dåverande sti langs Langevatn.
Vedtak knytt til begrensing av motorisert ferdsle på Langevannsvegen er heimla i kgl.res. av 3. februar 2017 post 7 og 11. NVE er tilsynsmynde for vasskraftanlegg med konsesjon etter vassdragslova. Eventuelle innspel til forslaget til permanent stenging av veg langs Langevatn kan sendast elektronisk til nve@nve.no med kopi til joae@nve.no seinast innan 17. juli 2020. Dersom uttalen er lang, er det ein fordel om det blir utarbeida eit samandrag av teksten. Av same grunn er det ynskjeleg å få teksten elektronisk.
Dersom det er trong for ytterligare opplysningar om anleggsvegen, kan ein ta kontakt med Agder energi v/Olav Brunvatne på tlf. 991 563 971 eller e-post Olav.Brunvatne@ae.no.
Spørsmål om NVE si handsaming kan rettast til Jon Atle Eie på tlf. 928 46 970 eller e-post joae@nve.no.