Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Val 2021

VALDAGEN

Valdagen er måndag 13. september 2021.
Valdagen må du stemme i kommunen du er folkeregistrert i per 30. juni 2021.

Åseral rådhus, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL

Opningstid:
Kl. 11:00 – 19:00

Print

FØREHANDSSTEMMING

Førehandsstemminga er i gong frå og med tysdag 10. august.
Fram til og med 10. september kan du førehandsstemme i vallokaler over heile landet.

På grunn av pandemien oppmodar me dykk til å stemme på førehand.

Dersom du stemmer i ein annan kommune enn den du er busett i blir stemmesetelen din sendt til kommunen du er folkeregistrert i per 30. juni 2021.

Du kan førehandstemme her:
Åseral rådhus, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL

Opningstid:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 09:00 - 14:00

Torsdager: kl. 09:00 - 17:00

Laurdag 28.08.          kl. 12:00 – 17:00
Laurdag 04.09.          kl. 12:00 – 17:00


Om du er ukjent for røystemottakar må du vise legitimasjon.
(Pass, førarkort eller bankkort med bilete).

Om du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ordinær vis kan du stemme heime eller der du oppheld deg. Ring Åseral servicekontor, telefon 38 28 58 00 for å avtale tid.

Veljar i karantene kan som fylgje av Covid-19 be om å få røyste der han oppheld seg.
Om det er mogleg skal han vente til å stemme til karantenetida er øve.

Print