Andre dag på rad med ny smitte i Åseral
For andre dag på rad har kommunen motteke melding om nytt smittetilfelle. Smittesporing pågår og dei to tilfella kan ikkje knyttast til kvarandre. Dei smitta er i isolasjon og nærkontakter er i karantene.
For andre dag på rad har kommunen motteke melding om nytt smittetilfelle. Smittesporing pågår og dei to tilfella kan ikkje knyttast til kvarandre. Dei smitta er i isolasjon og nærkontakter er i karantene.
Etter eit par månader med vanleg kvardag kom denne bølga litt uventa på oss. Det var ikkje sånn vi ønskte at vi skulle avslutte året, med avlyst julefest for ungane i bygda og deira føresette. Håpte i det minste at skolen og barnehagen skulle bli verande på grønt, men det skar seg og.
Då bleiknar det litt at vi er mange som må tilbake på heimekontor, sjølv om det heller ikkje er ønskelig.
Verre er det for serveringsstadane, for ungdommane og for helsepersonell som atter må trå til. De kjenner nok godt på at dette er tungt.
Håpar at de som kan, vel å vaksinere dere, både for eigen del og for andre.
Og så har vi ikkje noko val anna enn å gjere det beste ut av det, vi må fokusere på det vi kan og ikkje på det vi ikkje kan.
Takk til alle som står på i denne pandemien med både stort og smått!
mvh
Inger Lise Lund Stulien
ordførar
Det vart i dag meldt om ein ny positiv prøve på Covid-19 i Åseral. Vedkomande og husstand er sett i isolasjon og karantene. Nærkontakter er sett i karantene.
Kommunestyret i Åseral vedtok i møte den 9. desember 2021 å løyve kr 2000 til kvar innbyggar i kommunen som ein kompensasjon for dei høge straumutgiftene. Du kan registrere deg her.
Handlingsprogrammet for kommunedelplan idrett og fysisk aktivitet vart vedteken i kommunestyremøtet 9. desember 2021 – du finn det her.
Det viktigaste er framleis å ta vaksine så snart som råd, halde avstand til andre enn dei du bur saman med til dagleg, god hand og hostehygiene, hald deg heime om du er sjuk og bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand. Alle vert også oppmoda om å ha færre (få) nærkontaktar utanfor eigen husstand - særleg innandørs.
Eit samrøystes kommunestyre vedtok på møtet torsdag 9. desember å løyve kr 2000 til kvar innbyggar i Åseral kommune som ein kompensasjon til dei høge straumutgiftene. Vedtaket vart som følgande:
Korleis er det å flytte til Åseral? Er åsdølane lette å bli kjende med?
Kva meiner du er viktig at for at fleire skal få lyst til å flytte til kommunen vår?
Bever har forsvunne med halen til bjørnen! Vi mistenkjer og at musa som held til øvst i gavlen hjå revemor har vore med på «beverstrekane». Dersom du tilfeldigvis skulle finne dei, så blir vi på Minne særs glade om du legg dei i postkassa til Minne. Dei skal vere med på opning av eventyrstien fredag morgon – og Torleif Håland som har laga dei, kjem for å sjå om dei har det greitt.
Vi har stilling ledig som sjukepleiar, lærling og personleg assistent.