Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Vegane inn til (Åseral) Kyrkjebygd er no farbare igjen!

Det er no mogleg å køyre inn og ut av kommunen frå begge retningar etter at vegen tidlegare i dag var stengt. Det er framleis svært mykje vatn i vegbanen, men dersom ein køyrer forsiktig er det mogleg å forsere dette. Men tilrådinga er framleis å la bilen stå! Vegen kan igjen bli stengt på kort varsel..

Skulen er stengt i dag på grunn av flaum

Ingen busser kan køyre og fleire veger i Åseral er stengt. På bakgrunn av dette blir skulen stengt i dag måndag. Melding er sendt ut til foreldre.

Kart over stengte veger

Sparebanken Sør turstimidlar

Veit du om ein fin tursti i nærområdet ditt som treng ny merking, skilt eller tilrettelegging av noko slag? Eller kanskje du har eit ønske om å lage ein heilt ny tursti til eit turmål du likar? Då kan du søke Sparebanken Sør om midlar. Ordninga gjeld for lag og foreiningar. Søknadsfrist 1. mars 2024. Du finn meir info her.

Eksempelbilete av ein tursti

Kongeparet til Åseral

27. mai kjem Kong Harald og Dronning Sonja på besøk til Åseral!
Dette er kjempestas, og vi gler oss veldig. 

Kongeparet