Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Midt-Agder barnevern er ramma av data-feilen

Dei fire kommunane i Midt-Agder barnevern (Åseral er ein av dei) er ramma av datafeilen som kan ha ført til at bekymringsmeldinger aldri har nådd fram til barnevernet.

Illustrasjonsfoto av skjema

Opning av dagsturhytta 4. juni

Åseral kommune og Agder fylkeskommune inviterer til opning av Dagsturhytta på Tippin i Kyrkjebygd sundag 4. juni 2023!

plakat åpning dagsturhytta

Geit i landskapspleie

Som eit prøveprosjekt har Åseral kommune har leigd inn geiter til å halde nede buskas i Kvernhusvegen (Stabakka Nord). Dei har halde til her frå 8. mai og ut månaden.

Bilete av geiter

Tilskot til løypekøyring

Åseral kommune tildeler tilskot til løypekøyring for sesongen 2022/2023.

Søknad med oversikt over løypelengde, timetal, maskinbruk og kontonummer kan sendast per e-post til post@aseral.kommune.no eller til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral.

Søknadsfrist er fredag 2. juni 2023.

Bilete av skiløyper i Bortelid

Program for 17. mai i Åseral

Nasjonaldagen nærmar seg, og det er sol i sikte!
Slik er programmet for dagen i Åseral. 

17. mai program Åseral 2023

Vil du vere vikar på kjøkkenet på Åseralsheimen?

Kjøkkenet på Åseralsheimen treng fleire vikarar, både midt i veka, helger og i sommar.

Åseralsheimen har eige moderne kjøkken som lagar god og næringsrik frå botnen av.

Er du glad i å lage mat, og tenker at dette kan vere noko for deg?

Det er ønskeleg at du har erfaring frå liknande arbeid.

Bilete av Åseralsheimen

Kulturprisen 2023

2. påskedag var det norgesmesterskap i bakkedrag på Bortelid! Ordføraren fekk æra av å opne arrangementet, og hadde med seg ei lita overrasking. Årets kulturpris vart nemleg tildela Åseral Snøscooterklubb for sitt lokale engasjement, haldningsskapande arbeid og profesjonelle arrangement!

Styret i Åseral snøscooterklubb tok i mot kulturprisen