Dei barna som har barnehageplass pr. dags dato og ikkje har behov for å endre barnehageplassen treng ikkje søke på nytt. Ved opptak får barn barnehageplass frå opptakstidspunkt og fram til skulestart dersom foreldre ikkje sjølv seier opp eller endrar barnehageplassen. Dette gjeld barn som bur i Åseral. Dersom nokon ønskjer å endre på barnehageplassen dei har pr. dags dato skal dei logga seg inn på min side i oppvekstportalen https://aseral.ist-asp.com.

Når alle søknadane er komne inn blir barnehageåret planlagt med samansetjing av grupper og arbeidsordning for personalet. Det er difor viktig at søknaden går på det reelle behovet for barnehageplass.

NB!
Søknaden skal sendast inn i oppvekstportalen (https://aseral.ist-asp.com) innan 1. mars 2020. Ein kan få hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet i servicekontoret til kommunen, tlf. 382 85 800 eller ved å ta kontakt med barnehagen, tlf. 950 20332.

Søknad om reduksjon i foreldrebetaling for barnehageåret 2020-2021

Det er to nasjonale ordningar for reduksjon i foreldrebetaling. Begge ordningane tok til i 2015. Nytt frå 2019 er at gratis kjernetid også gjaldt for 2-åringar frå 1. august 2019.  Frå august 2020 er det mogeleg å søke på ordninga om redusert foreldrebetaling og gratiskjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar. Søknaden gjeld for eitt barnehageår. Dersom ein søkar etter fristen vil endring i betaling gjelde frå påfølgjande månad.

  • Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha redusert pris. Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2020 gjeld dette for hushald som har ei samla bruttoinntekt som er lågare enn kr. 574.759,- per år.

  • Det er også gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5 åringar. Det vil seie at det er gratis 20 timar dersom den samla bruttoinntekta i hushaldet er lågare enn kr. 566.100,-, gjeldane sats frå august 2020.


Begge desse ordningane har søknadsfrist 15. mai 2020 for å kunne handsamast slik at rett pris for barnehagetilbodet skal vere klart til oppstart av nytt barnehageår 15. august 2020.

Søknadskjema finn du her: Søknad om redusert foreldrebetaling 2019.pdf