Ein avgift betalt av arbeidsgjevar. Det er ulike satsar for dei fem sonene i landet. Det er den registrerte adressa til verksemda og ikkje dei tilsette sin bostedskommune, som avgjer kva for ei sone ein er i.
Kommunale avgifter er indirekte skattar på tenester som kommunen utøver. Kommunale avgifter er vannavgift, avløpsavgift, renovasjonsavgift, feiergebyrer. Det er den einskilde verksemda som er ansvarleg for innkreving.
Motorvognavgiftene omfattar seks avgifter med til dels ulik grunngjivning og foremål. Avgiftene er knytt til kjøp/leige av kjøretøy og dels til bruk av kjøretøy. De ikkje-bruksavhengige avgiftene er engongsavgiften, omregistreringsavgiften, årsavgiften og vektårsavgiften. Til dei bruksavhengige avgiftene høyrer avgiftene på bensin og diesel.
Skatt på vareflommen over ei grense. Eit skilje mellom innførselstoll (skatt på importerte varar) og utførselstoll (skatt på eksporterte varar) og transittoll (skatt på gjennomførsel av utanlandske varar).