Rettsvesen

Dom

Opprettet 20.09.11 Sist endret 22.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

statEi rettsavgjerd som avsluttar ei sak. I ei sivil sak vert krav som er sett fram avgjort. I ein straffesak vert det avgjort om tiltalte er skuldig i ei straffbar handling og kva for straff han i tilfelle skal ha.

Domstol

Opprettet 20.09.11 Sist endret 22.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

statDomstolane er ein av tre statsmakter i Noreg. Dei er den dømmande makta. Herunder òg forliksråd og spesialdomstolane.

Mekling

Opprettet 20.09.11 Sist endret 22.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

kommuneMekling er eit møte mellom to eller fleire personar i ein konflikt. Mekling i konfliktråd skjer ved ein uavhengig meklar oppnemt av kommunen. Dette gjeld mekling i separasjons- og skilsmissesakar og rettsmekling. Mekling i arbeidstvistar høyrer til undet emneordet løn.

Namsmyndighet

Opprettet 20.09.11 Sist endret 09.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

kommuneTingrett og namsmann (namsfut, ("namsfogd")) vedtek og gjer tvangsfullføringen. I ein del større kommunar er det eigen namsmann. Andre stader kan det vere ein lensmann eller det lokale politiet som er namsmann. 

Notarius Publicus

Opprettet 20.09.11 Sist endret 22.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

statEin embetsmann som skriv under og dermed stadfester visse rettslege forhald. Notarius publicus utfører vigsler og registreringer av partnarskap, og gir notarialstadfestelser, herunder stadfesting av underskrift og rett kopi.

Rettshjelp

Opprettet 20.09.11 Sist endret 22.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

statFri rettshjelp tyder at staten heilt eller delvis kan dekke utgiftene til advokathjelp. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. I nokre saker kan ein få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er det eit vilkår at ein ligg  under ei viss inntektsgrense.

Rettssak

Opprettet 20.09.11 Sist endret 23.04.13 Tema Rettsvesen, Emneord

statEi sak som vert ført for ein domstol. Flest moglege sider ved den aktuelle saka skal fram slik at domstolen på best mogleg grunnlag kan dømme.