Rådhuset i Åseral (foto: Peder Austrud)

Utskrift

Eining for service og kultur

Einingsleiar for service og kultur: Odd Helge Liestøl
Kontaktinformasjon:
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Åseral rådhus, 4540 Åseral
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Telefon: 38 28 58 00/Mobiltelefon: 918 68 502
Telefaks: 38 28 58 01


Servicekontor
Servicekontoret er kontaktpunktet inn til Åseral kommune. Publikum blir teken i mot av servicekontoret ved ankomst til Åseral rådhus. Sentralbordet er i tillegg betjent frå kontoret. Her kan ein få informasjon om kommunen, ein viser veg til rett sakshandsamar/avdeling. Sørviskontoret har dei fleste skjema som blir brukt i kommunen tilgjengeleg, og er hjelpsam med utfylling av desse. Sørviskontoret faktuerer kommunen sine innbyggjarar for varer og tenester så som kommunale avgifter, barnehage, SFO, heimehjelp, matombringing, leigeinntekter m.v. Vidare har servicekontoret ansvar for kommunens heimeside, politisk møtebehandling, bustøtte, kommunalt utdanningstipend, infosida, utlån av møterom/selskapslokaler rådhuset,  sal av bygdebøker m.v., samt diverse tenester så som kopiering, laminering, innbinding m.v.


Kulturkonsulent: Tove Utengen
Kontaktinformasjon:
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Minne kultursenter, 4540 Åseral
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Telefon: 38 28 58 61 Mobiltelefon: 452 02 748

Kulturtilbodet i Åseral er godt og variert. Ved sida av dei to store, årlege hendingane – Bygdeutstillinga og Eikerapen Roots Festival – er det jamn aktivitet med blant anna bygdekino, bibliotek, konsertar, utstillingar, revy, kulturmønstring og meir. I tillegg er det mykje aktivitet i regi av lag og foreningar. Sommaren 2010 blei Minne Åseral kulursenter opna. Det nye senteret skal vise Åserals kulturarv og kulturliv, og det rommer bygdemuseum, galleri, turistinformasjon, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein kan nyte utekonsertar.


Åseral ungdomsklubb
Ungdomsklubbleiar: Vibeke Sandåker
Kontaktinformasjon:
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Telefon: 38 28 58 00  Mobiltelefon: 47 26 87 30


Åseral folkebibliotek 
Biblioteksjef: Tove Larsen
Kontaktinformasjon:
Adresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Bordalen, 4540 Åseral
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Telefon: 38 28 59 80
Nettside: www.biblioteksamarbeidet.no/maaha 

Åseral bibliotek er eit kombinert folke- og skulebibliotek. Vi har omlag 19.000 bøker fordelt på litteratur for barn, ungdom og vaksne. Vi abonnerer på 3 av dei største lokale avisane. Vidare har vi filmar, musikk, ljodbøker, magasin, tidsskrift og gamle avisutklypp. Viss vi ikkje har dei bøkene du måtte ynskje å låne, kan du låne dei inn frå andre bibliotek via fjernlån. Til slutt kan vi nemne at biblioteket har 3 PC'ar med internett  og skrivar til disposisjon. Åseral bibliotek har lokalar i Åseral fleirbrukshus like ved Kyrkjebygd skule i Bordalen. Biblioteket samarbeidar tett med biblioteka i Audnedal, Marnardal og Hægebostad. 

Kulturskolen for Åseral, Audnedal og Hægebostad
Rektor ved Kulturskulen: Kjell Gierstae
Kontaktinformasjon:
Adresse: Birkeland, 4595 Tingvatn
Besøksadresse: Birkeland, 4595 Bordalen
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 
Telefon: 38 34 91 00
Telefaks: 38 34 91 01
Nettside: www.ikskolen.no 

Kulturskulen er eit interkommunalt samarbeid mellom Åseral, Audnedal og Hægebostad kommune.  Adminstrasjonen ligg i Hægebostad.Det blir gjeve undervisning på blandt anna gitar, sang, band,fiolin, piano, bass, revy,tegning/maling o.l. Dette kan imidlertid variere frå år til år avhengig av søkjarmasse og lærarkrefter.